GLADMELDING FRÅ STYRELEIAR 15. JULI 2009:
Hei
Då fekk eg i dag brev frå Brønnøysund om at registreringa vår endeleg er godkjend. Det er ein lettelse etter lang tid og fleire rundar med diverse manglar som har teke ein god del tid. Det er litt komplisert med 74 aksjonærar og altså NB enkeltmannsforetak ikkje godkjende som eigarar i aksjeselskap. Det var vel dette siste som tok lengst tid å få orden på.
Då kan vi gå vidare utan å ha den usikkerheiten.
Framleis god sommar og gratulerer til Solnut med karta og oppslaget.
helsing
Amund Måge
-------------------------------------------------------------------------------
I kveld den 26. mars 2009 , vart endeleg Vikebygd landskapspark stifta som eit aksjeselskap på møte i Bygdahallen på Nå !
- ein ny spennnade fase med bygdeutviklinga vår er starta
Styret skal konstituere seg på møte tysdag
Styret
Amund Måge
Randi Hjørnevik
Annette Måkestad
Steinar Lund
Inga Bjotveit
Anette Torvund ,
Hjørdis Ingeborg Bleie
Guttorm Rogdaberg
Varamedlemer /mentorar er : Geir Bleie, Haakon Kvestad og Arnhild Bleie
Berre kort ; her kom altså inn nok aksjekapital til å kome i gang,
og styret er fullt av unge folk med pågangsmot.
Det var ikkje vanskeleg å få dei med i det heile.
Heile 4 stk er under 30 år ! Ei er berre så vidt over. Slå den !
- det kjem meir på nettsida når ein får samla seg litt meir.
------------------------------------------------------------------------------
Invitasjon våren 2009:
VERT AKSJONÆR DU OG !
- Med dette prøver me å kome eit spennande steg vidare.
- Urolege tider i finansverda gav oss kalde føter med å starte alt i haust
- Men no vågar me altså prøva og danna eit aksjeselskap utav landskapsparken vår.
ALLE ER VELKOMNE SOM AKSJEEIGARAR
- Folk flest som er glad i heimbygda vår
- Aktørar og verksemder både i bygda og omland som vil støtte og/eller samarbeide med oss
- Utflytte som vil gi til støtte til ei levande barndomsbygd
- Andre som av ulike grunnar vil støtte ei balansert utvikling, som tek vare på særpreget
SKIPINGSMØTE planlagt 26. MARS kl 19 i Bygdahallen på Nå
- nedst på denne sida kan du laste ned:
- Innbydingsbrev
- Teikningsblankett - last ned skriv ut og send til Amund Måge
- Forretningsplan for VIKEBYGD LANDSKAPSPARK AS
- Statusrapport frå Vikebygd Landskapspark 2008
-----------------------
Oppmuntrande innspel frå Ullensvang herad:
2009/1/7 skreiv Sveinung Dukstad ei helsing
Eg trur at etableringa av Vikebygd landskapspark AS vil vera eit stort steg vidare for næringslivet på heile vestsida, og eg trur ikkje at finanskrisa vil vera til hinder for etableringa.
Tvert i mot, i vanskelege økonomiske tider kan det vera enklare å få bedrifter til å innsjå at dei må samarbeida for å overleva og utvikla seg.