VIKEBYGD LANDSKAPSPARK - Opplev meir langs Rv 550 i Hardanger
Unik busetnad
med fleire klyngjetun enn nokon annan stad i landet,
frå gammalt av plassert trygt mellom skredløpa,
med det freda Agatunet som eit eineståande kulturminne i norsk målestokk.
Les meir om desse i LESEKROKEN 
 - link t.v.
 
 
Sjå i dei fire fotoalbuma for bilete
av kuturminne og miljø
- link t.v.
 
 
 
Turvegar med kulturinnslag
 
 
Gamlevegane
Dei gamle grusvegane mellom grendene som nok var bygd for hestetransport er fine turvegar der de dels kjem tett innpå livet til folk her, passer kulturminne,  og har den fantastiske naturen rundt:
 
 
Kråkevik- Rogdo: heilt spesiell med 21 svingar frå fjorden opp til Rogdo – rundtur via Rogdaberg /Aga
 
 
Åkre-Skåltveit: kortare veg gjennom frukthagar  – rundtur t.d. via bilvegen til Reiseter, dels gamlevegen til Kvestad – Måkestad
 
 
Nå-Reiseter:  3-4 km, og berre delvis intakt då nyevegen dels har gått inn i den gamle. Rundtur evt gjennom skogen ned til Bleie
 
 
Nå – Kambestad – Bleie - Skiparvik: vel 2 km gjennom tuna i Kambestad og Bleie med kulturminne langs vegen som gammal skule, kvernhus og kvelvingbru, samt besøkshage og handverksverkstader.  
 
 
Ordtakstig ; vel 1 km Eikhamrane – Måge gjennom skog og kulturbeite, hist og her med ordtak knytt til naturen samla av Ivar Aasen.
 
 
Buføreveg til fjells og Pilgrimsveg til stavkyrkja i Røldal - lang fjelltur inom Folgefonna nasjoalpark  mellom Krossdalen og Reiseter/Bleie– ikkje ein tur å gå i dårleg ver med skodde
 
 
Dronning-Streifløypa; 4 km tur Reiseter – Nå i mangfaldet  av Hardanger sitt kulturlandskap, og opningsarena for 100-årsfeiringa av  norsk sjølvstende i 2005
 
 
 
 
Gardskultur
 
Eldhus eller bakstekjellar  – på dei fleste  av gardane har ein enno eigne eldhus eller tilsvarande i ein kjellar. Her lagar ein tradisjonmat og laga heimebrugg.  Nokon har kurstilbod, andre viser dei ved gardsbesøk
 
Husmannplassen Nortveite – merka turveg til restaurert husmannsplassen  oppom Aga
 
Kvernhus - finst fleire stader, og der kan sjå dei langs bekkar i heile bygda; ved Agatunet er der restaurert eit med kvernstein og vassrenne.
 
Ciderkjellarar – eplecider er tradisjondrikken framfor nokon i Hardanger,  mange av fruktgardane lagar sin eigen eplecider og har spesielle ciderkjellar. Nokon har utvikla dette til tilbod knytt opp mot turisme, t.d. Måge gardsbutikk, Bleietunet, Gamlastovo på Kvestad, Hardanger cideri.
 
Gamle stølsområde – desse finn ein langs turvegane, og her er største stølsområde i fjordlia i Sørfjorden. Støling er historisk ting her og no. 
Det gledelege no er at fleire har begynt å restaurere desse gamle bygningane  for å ta vare på dei, og evt nytte dei med tanke opplevingar for turistar og andre. 
Fleire tenkjer på å setje opp att det som har ramla heilt ned , men då i den gamle stilen slik at ein held litt sjølve miljø til stølane ved like.
Dessverre er mykje av dette kulturlandskapet attgrodd, dels av granplanting gjort i god tru på 1950-60 talet.  Snart er desse plantingane gamle nok til å hoggast, og arealet vert neppe planta til att med gran. Eit opnare landskap kan vera på vei tilbake.
 
Bleietunet – tre nabogardar på Bleie samarbeider som besøksgardar med omvisning i frukthagen, smaksprøve av  frukt, cider og fingermat, historieforteljing m.m.
 
Måge gardsbutikk – gardsbutikk  ( sjå MAT )  og evt. besøksgard med guiding i frukthagen som del av pakketilbod.
 
 
 
Kulturminne ute i naturen
er mange, her er nokon få nevnte
 
 
Engjasete – nyoppdaga  forminnegard på Kvestadstølen ( 3-400 moh ), kanskje  heilt frå bronsealderen – kan evt  pakkast inn i gardsomvisning på Kvestad  ( Gamlastova, Saltekjedlaren – sjå sida om  MAT )
 
Iseksporten frå Folgefonna frå  Digrahaug til  Skiparvik/Bleie – få historien fortalt t.d. ved å besøkja ”Skiparvikstova – fredfull kveld ved fjorden”  eller ”Bleietunet”
 
Bleiediplomet; I spora etter vårt eldste  rettsdokument frå året 1293;
sjå kopi av diplomet i Agatunet og gå tur på gamlevegen Bleie – Skiparvik der denne ’jordskiftedomen’ omhandlar plikter og rettar på dei ulike gardane.
 
Klebersteingruver – kun guida turar pga sikkerheit
 
Svovelkisgruver i Lindvik –  kun guida tur pga sikkkerheit
   
 
 
Kunst og handverk
– sjå eiga side
 
Musikk
Det er stor musikkinteresse her.
To konkrete resultat av dette , og som tek på seg oppdrag er :
 
Nå  Musikklag - messingblåsarkorps med stor aldresamansetjing, og som rekrutterer stadig  ny unge folk si interesse for å utøva musikk. 
Korpset er ein viktig trivsel- og kulturfaktor i bygda
KOR i VEST - blanda kor med medlemer frå heile vestsida av Sørfjorden frå Odda til Utne.
 
Webside drives av  Vistaprint