VIKEBYGD LANDSKAPSPARK - Opplev meir langs Rv 550 i Hardanger
 
Kva skil oss ut frå andre?
 
Du finn fantastisk natur og spennande kultur mange stader i Hardanger, og i andre fjordområde, til og med andre bygder med same navn
- så kva finn du her hjå oss som skil oss ut?
 
 
  • Som ein kvit juvel ligg Folgefonna nasjonalpark øvst oppe, med fjelltoppar mellom 15-1600 moh, dei høgaste nutane langs Hardangerfjorden.
 
  • Nedover fjordsida ser du skogen gå over i eit lappeteppelandskap av mangfald  i kulturlandskapet, miksa saman av fruktdyrking, åkerbruk og husdyrhald på dei minste gardsbruka i Noreg .
 
  • Skredbygd nr 1 i Hardanger finn du her, der Aga og Bleie er verna med fantastiske  byggverk etter skred i nyare tid.
 
  • Unik busetnad med fleire klyngjetun, frå gammalt av plassert trygt mellom skredløpa, med det freda Agatunet som eit eineståande kulturminne i norsk målestokk.
 
  • Av og til er Sørfjorden så blank og stille at alt dette spelar seg der. I båt på fjorden har ein ei flott oppleving av heile landskapet. Den er ned mot 400 m djup,  går i nord - sør retning  som gir ekstra god lysinnstråling, og har optimal brakkvasskvalitet for vekst av sjell og fisk.
  • Likevel er Sørfjorden fri for oppdrettnæring.  men fjorden er fiskerik ,  og har ei av dei få livskraftig sjøaurestamme våre,  og eit av dei viktigaste område for brislingfiske i august
 
  • Ingen masseturisme finst her, og ingen er planlagt, kun småskala tilbod,  som gir ei god kjensle av at besøket her er ei  autentisk oppleving.
 
  • Fastbuande vert  òg bergtekne ...
 
 
Sjå mange bilete i dei fire fotoalbuma - eit for kvar årstid
 
Powered by Vistaprint. Webside Hosting for Små Bedrifter