LESEKROKEN
Litt meir å lese om det som vedkjem oss, finst eller skjer i landskapspark
----------------------------------------------------------------------------------------
JOLABREVET FRÅ VIKEBYGDKRINSEN 2009
- KOPIER NETTADRESSA OG SEND BREVET RUNDT TIL FOLK MED TILKNYTNING TIL BYGDA VÅR
Pga figuarane og rammetekstar i brevet må det limast inn som dokument for at de skal få med deko alt.
----------------------------------------------------------------------------------------
Kva kan vi bruke dei gamle husa til?
ENDELEG HØYRT?
I si tid då me kom i gang med landskapspark og sa nærmast på spøk at ein kanskje kan få betalt for å ha og halde turvegar på eiga innmark. Men alt i år ER det utruleg nok ein realitet! Underteikna skal jobba meir med dette no her i bygda og kjem til å ta kontakt.
Kva med gamle driftsbygningar?
I arbeidet med landskapsparken har eit av mine kjepphestar vore korleis kan me ta vare på dei "ubrukelege, gamle bygningane" . Om me berre let dei forfalle for så å forsvinna mister me litt av historien vår. I ein landskapspark i sær føler eg det det er heilskapen av landskapet inkludert både gamle og nye bygningar som er spesielt verdifullt. Folk må få lov å byggje nye tenelege driftsbygningar utan å måtte skrota dei gamle. I dei kan det liggje potensiale for ny utvikling bygda vår treng. Den store utfording ligg i koleis ein kan ta i bruk det gamle og tena inn det det kostar på ta vare på dei
Derfor vart eg glad då eg las dagens brev frå Mat- og landsbruksdepratementet:
Landbruk: Kulturminneåret 2009 er på hell og det er viktig å dra i gang både ein diskusjon om - og ei tiltakskjede for å berge viktige delar av bygningsarven som dei springande endringane i landbrukssektoren medfører, skriv Ole Bakkebø, landsbruksdirektør i Hordaland i ein kronikk.
Landbruk - les heile kronikken i Bergens Tidende:
Det Norske landbruket har gjennomgått omfattande endringar og strukturrasjonalisering siste 20-30 åra gjennom bruksnedlegging og brukssamanslåing på den eine sida og intensivering og ekstensivering av driftsopplegget på attverande bruk. I denne prosessen har det over tid bygd seg opp eit «overskott» av bygningsmasse av ulikt slag; fjøsbygg, låvar, stølshus, sjøbuer, våningshus, og andre driftsbygg av ymse slag. Sett på spissen så har tida har løpt forbi dei. Spørsmålet blir: Skal vi la desse flotte og tidstypiske bygningane i landbrukslandskapet atter bli til jord i det stille - eller er det mogleg å slå eit slag for denne kulturarven? Vi har 180.000 landbrukseigdomar i landet, knapt 50.000 er «registrert» drift og til saman dreier dette seg om mange hundre tusen bygningar av ulik kvalitet og tilstand, skriv Bakkebø i sin kronikk.
------------------------
Dette kan verta interessant å følgje med på i tida framitda
Helsing
Arnhild Bleie
-----------------------------------------------------------
IGJEN MEINER NOKON AT FJORDANE VÅRE ER :
"VERDENS BESTE REISEMÅL"
Kåringa i National Geographic vekker merksemd – og Fjord Norge rekner med internasjonal interesse med mediedekning i tida framover. For oss iVikebygd, og alle andre langs kysten som driv og vil utvikla berekreftig reiseliv er det viktig å vera litt obs på kva som no skje.
NEDAFOR ER PLENTI LESESTOFF ; LINKAR TIL ULIKE MEDIADEKNING OM KÅRINGA:
----
Hilsen fra ATTA Summit i Quebec.
Mye spennende på gang her. Avtaler om nye turer til Fjord Norge med National Geographics Adventure og Traveller Magazine i 2010, i tillegg til Mens Journal og Vertiouso Travel Magazine.
Sponset lunsjen på tirsdag og presentert Fjord Norge for 500 internasjonale turoperatører og 100 mediefolk ved bruk av et 15 minutter langt ”show” vi har laget for anledningen.
Mye gode tilbakemeldinger og stor, stor interesse!
Mvh
Kristian
---------------------------------------------
Kristian B. Jørgensen
Administrerende direktør / Managing Director
FJORD NORWAY
-----------------------------------------------------------------------------------
VELKOMEN TIL EI SPENNANDE SKREDLØPHELG
- SJÅ PRESSEMELDING NEDAFOR
---------------------------------------------------------------
Kvifor landskapspark (LP) ?
Å ha eit levande lokalsamfunnet vedkjem oss alle som bur her, og val me tek i dag er viktige for korleis her ser ut i framtida.
Spør kva du vil ha: ei aude landsbygd som i Sverige, eller ein busetnad som i fjellandet Sveits, der det er folk ”rundtom der ingen skulle tru at mange kunne bu”. Men det krevst både sentral og lokal vilje til å satse slik Sveits har gjor. Me kan vera med å påverka dette sjølve.
Eg trur slike små bygdesamfunn som vårt, med så sterkt innslag av primærnæring, berre MÅ ta tak sjølve og marknadsføra seg på ein positiv og utadvendt måte for å rettferdiggjere sin eksistens ovafor storsamfunnet og styremaktene. Me er sårbare for endring i politikk for landbruk, skule osv, og eg trur LP er eit godt reiskap for å ha eit levande lokalsamfunn og kulturlandskap.
Landskapet er det mest bøndene som har forvaltaransvaret for.
Me har dei minste gardane i landet, og kan aldri få den effektivitet markandsøkonomien vil ha. Derfor vil mange ikkje velsigna det småskala lappeteppelandbruket her av økonomiske årsaker. Men det gjer at her bur mange nok folk til å oppretthalda viktig funksjonar, og ei velstelt vakker bygd.
La oss ta eit tenkt tilfelle:
OM primærnæringa her skal effektiviserast kan tal gardar/bønder her i bygda verte redusert frå ca 60 til 20 , kanskje ferre? Kven veit kor lett det vil vera for sentrale politiske krefter å gjere nettopp dette ein dag?
Dei fleste gardsbruk har kanskje to hustandar der to generasjonar bur på garden. Dersom folka på 40 gardar / 80 hustandar på sikt berre forsvinn, er det neppe noko lokalsamfunnet her vil tåla? Med vesentleg ferre innbyggjarar forsvinn sannsynleg andre viktig bygdafunksjonar som barnhage, skule, butikk, bibilotek, verkstad osv
På gardar som vert pakta /selt som tilleggsjord til naboar ser ein ofte at husa vert fritidshus. Om vintrane ser t.d. eg svarte vindaugo i 5 hus frå mitt eige tun. Der er ikkje spandert ei 4 watts sparepære i utelampen ein gong. Det har ikkje noko med kor triveleg desse folk er, nokon av desse er mine gode vener. Men dei bur andre stader, og distanserer seg naturleg nok meir og meir til at her skal vera ei levande bygd. Dei tenkjer kanskje ikkje tanken ein gong at ei lita ljospære er å bidra til litt trivsel langs ein veg utan gateljos for oss som bur att her, og steller bygda dei likar å besøkja? Det er ikkje dei sjølve, deira ungar eller gamle som skal gå forbi dei svartlagde husa vinterstid.
’Sovebygder’ der tidlegare store bustadhus vert fritidshus ser me døme på mange stader. Det må finnast betre løysingar. Ei trygg bygd med ei framtidstru me er stolte av å gi vidare same kven som overtek hus og bruk? Eg vil iallfall kjempa for at me skal overleve, korleis skal eg elles kunne sjå neste generasjon i augo, og seie at her kan dei satse og få eit godt liv med gode vener kring seg.
Eg ser derfor på utvikling av Vikebygd Landskapspark AS som ein viktig reiskap for å overleve og utvikla oss som eit levande lokalsamfunn.
Kjøp aksje til deg sjølv, og kvifor ikkje òg som gåve til den yngre generasjon?
Dette er ei satsing på ei levande framtid i bygda!
Dei fleste kjenner sitatet i epost-signaturen min: ”Alle morgondagens blomar er i frøa frå i dag” . Det er eit fleire tusen år gammalt Buddha sitat. Ikkje veit eg korleis dei kunne så masse om genetikk så lang tid tilbake, men det er heilt korrekt frå ein fagleg ståstad. Likevel her kan både frø og blomar kan her nyttast i overført betydning. Eg håpar det å danna ein Landskapspark er ”eit bygdeutviklingsfrø” som gir mange nye spirer som veks seg til flotte nye ’planter’ her i bygda i framtida.
Lukka til !
Arnhild Bleie
----------------------------------------------------------------------------
Pressemelding frå bygdelaget "Vikebygdkrinsen"
BOKDAGAR PÅ NÅ ( sjå lysing under "Kva skjer?" )
"Vikebygdkrinsen" har motteke ei raus bokgåve: 1500 bøker, mange tidsskrifter og teikneseriar fekk bygda etter dødsboet til Inger Marie og Vigleik Hamre.
Me overtok denne bokskatten etter at næraste familien fyrst hadde plukka ut og teke bøkene dei tykte mest om.
Spørsmålet me straks stillte oss vart: Kva gjer me denne gåva?
Me ynskjer ikkje at bøkene skal stå lagra i hyller på ein lur plass.
Me er visse på at det vil vera i Inger Marie og Vigleik si ånd at bøkene kjem til nytte og bruk; at folk med interesse for boka, for innhaldet og faget får vera med å dela bokskatten.
Difor skipar Vikebygdkrinsen til bokdagar på biblioteket på Åkre
laurdag 14. og sundag 15. februar.
Odlaug Måge og Anna Aakre Kråkevik med gode hjelparar har gått gjennom og sortert alle bøkene/tidsskrifta/teikneseriane, registrert og katalogisert bøkene.
Bokkatalogen er å finna på nettsida: www.vikebygd.no - der er ein lenk under "kva skjer". Katalogen ligg og til gjennomsyn hjå Ola K. Naa.
Inger Marie og Vigleik Hamre var begge mykje opptekne av bøker og litteratur. Interessene deira famna breitt. Inger Marie var i tillegg svært dyktig i kunsten å binda inn bøker.
Bokskatten er difor mangfaldig. Her er ei mengd gamle bøker, nye bøker, romanar, ulike leksikon, bøker om psykologi, lokalhistorie, humor, psykologi, kalligrafi, lyrikk, kunst; - barnebøker, lærebøker, artikkelsamlingar og så mykje meir. Mange av desse bøkene har Inger Marie nydeleg bunde inn, og det står ofte ein kommentar inni bøkene.
På bokdagen vil desse bøkene, tidsskrifta og teikneseriane vera til sals for til svært rimelege prisar.
Ein del - etter vår meining - svært verdifulle bøker er ikkje registrerte i bokkatalogen.
Dei er plasserte i "Skattekista" - og desse bøkene er prisa høgare. Me har alt konstatert at det er stor interesse for bøkene i "Skattekista" - men har sagt at det får venta til bokdagane - og at "mølleprinsippet" må gjelda.
Me vonar mange vil ta turen til bokdagane på Åkre, og på den måten vera med og ta vare på minna etter Inger Marie og Vigleik. Det er ynskjeleg at folk gjev seg god tid - me skal syta for rikeleg med kaffi og vafler.
Innkomene ved salet vil gå til eit fond der formålet er kunstnarleg utsykking - eit kunstuttrykk - her på Nå. Kanskje Inger Marie og Vigleik ville tykt om ein skulptur?
KÅRE GRØNSNES
for bygdelaget 'Vikebygdkrinsen'
----------------------------------------------------------------------------
Unike klyngjetun
– å bu med historie i veggane, og skreder som nabo
Klyngjetuna er vår norske utgåve av den mellomeuropeiske bondelandsbyen. Slike fellestun var vanleg buform før dei store omveltingane kom med jordskifte etter 1860. Det kunne vera store tun med nærare 100 hus, og ni gardsbruk, som Agatunet. Eller det kunne vera tobrukstun, som Skåltveit og Kambestad. Tun med eitt bruk var meir som unntak å rekna.
Berre i Ullensvang og Odda er rundt 60 slike fellestun borte på grunn av jordskifte, ei reform frå Staten. Ei ny tid skulle byggjast, tuna skulle vekk, dei mange jordeigedomane revolusjonerast, landbruket skulle bli rasjonelt og moderne over heile landet.
Men nokre få gamle klyngjetun berga seg gjennom reforma. Årsakene var ulike, rasfare var likevel den viktigaste faktoren. Frå Vikebygd og nordover langs vestsida av Sørfjorden finn ein ikkje mindre enn 8 slike gamle tun i god stand: Reiseter, Kvestad, Kambestad, Kråkevik, Rogdo, Aga, Velure og Brandstveit er perler i kulturlandskapet. Dette er unikt, tilsvarande samling fellestun finst ikkje nokon anna stad i Noreg
Bortsett frå det freda Agatunet er dette levande grender som sjølvsagt endrar seg for kvar generasjon. Hus kan vera rivne, bytte eller nybygde for å få meir rasjonelle drift, nokon kan vera komne til i utkanten av plassomsyn. Slik utvidar tuna seg enno, og er eit levande og sosialt minatyrsamfunn.
Ein tur mellom husa fortel om sosiale tilhøve, og gir oss eit sjeldant glimt av ein levemåte med tråd fleire hundre år tilbake. Menneska her kjem tettare på historien sin, og på livet og opplevingane til kvarandre i sorg og glede. Og dei må i større grad ha samhald, og vera rause og tilgivande for at ting skal fungere. Kanskje har desse småsamfunna arva ikkje berre husa, men òg noko sosialt verdifullt, som elles forsvann med jordskiftereforma
-------------------------------------------------------------------------------------------------