NYTT TILBOD : PUB
(SJÅ EIGEN KNAPP T.V.)
Vikebygd Landskapspark har oppmoda lokale næringsaktørar
om å skipa til uformelle møtestadar for å prata om litt av kvart.
Ein pub eignar seg godt til slikt.
Derfor inviterer me til Siderpub i Vikebygd.
Puben vert på ulike stadar i Vikebygdkrinsen nokre fredagar
i sommar frå kl 20.00 – 24.00
Tilboda varierer frå stad til stad.
Målgruppa er alle fastbuande og besøkjande
i Vikebygd og omland
Velkomen enten du har tankar du vil lufta,
eller berre vil kosa deg i hyggeleg lag.
Kanskje spesielt velkomne seier me til nye bygdafolk,
norske som utanlandske !
Mange har arbeidsgjester som kan lika å kome saman slik?
Turistar i området er òg velkomne.
Ja, alle er velkomne !
Andre stader å ha pub?
Me oppmodar dei som ikkje har hengt seg på
som tilskiparar enno tek kontakt med
VLP as v Terje J (sjå nedafor) og melder frå om dei òg kan ha ein
open pubkveld seinare , gjerne utover hausten om lokala er
eigna i den kjølege årstida?
Terje Johnsbråten
Tlf: 949 85 303
E-post: post.vikebygd@gmail.com
www.vikebygd.no
Post: Meland, 5777 Grimo,
Det er oppretta ei Facebook-gruppe (“SiderPub i Vikebygd”)
der du kan fylgja med på kor neste møtestad blir, osb.
De kan også følgje med på lokal info her på nettsida
HJELP OSS å spreia bodskapet!
Inviter alle venar, turistar og tilreisande!
Vennlig Hilsen
Vikebygd Landskapspark AS
KONSERT I AGATUNET
Konsert dei tre unge utøvarane :
Marie Tveiten, Alexander Røynstrand og Tor Hoslemo.
Starttid: 11. juni kl. 20:00
Sluttid: 11. juni kl. 21:30
Kvar: Lagmannstova i Agatunet.
Førstkomande fredag vert det konsert i Agatunet med tre unge utøvarar:
Marie Tveiten, Alexander Røynstrand og Tor Hoslemo. Dei representerer kvar sitt fylke/region og er alle svært lovande. Dei vil i denne konserten vise både likskap og ulikskap i speldialektane mellom dei ulike distrikta.
Om utøvarane:
Marie Tveiten (17) er frå Seljord. Ho kan trygt seiast å vera eit produkt av det rike spelemannsmiljøet i Seljord som har vakse fram i dei siste åra med Ragnhild Knudsen, Torunn Raftevold Rue og Sara Telnes Fjågesund som dei fremste inspiratorar og læremeistrar. Marie har spela sidan ho var 6 år og har dei to siste åra hatt Per Anders Buen Garnås som sin fremste læremeister. Marie er aktiv i Seljord Spelemannslag og er for tida elev ved musikklina ved Skien vidaregåande skule.
Alexander Røynstrand (20) er frå Granvin i Hardanger. Han byrja å spela med læremeisteren Knut Hamre alt i 6-7 års alderen. Han har hevda seg bra på mange kappleikar., bl.a. vann han yngste klasse på Landskappleiken i 2008. Alexander har motteke Sparebanken 1 sitt stipend, og han har blitt tildelt Audhild Flaktveit Moxnes minnepris. For tida er han student på Folkemusikkstudiet i Rauland, og mest av alt fører han vidare ein rik hardingfeletradisjon og har lært slåttar av fleire av dei fremste utøvarane i Hardanger.
Tor Hoslemo (17) er frå Bykle i Setesdal. 9 år gamal byrja han å spela hardingfele - Marton Laksesvela og Vidar Lande har vore dei fremste læremeistrane. Tor har delteke på mange kappleikar, har m.a. vunne yngste klasse i NM i Folkemusikk i 2009, han har fått Eckbo legaters folkemusikkpris for unge utøvarar og har fått Aust-Agder fylkes kulturstipend. Han har tileigna seg spel frå dei fremste tradisjonsberarane i Setesdal. Tor var med på plateutgjevinga "Dalstroka innafor" (2009) saman med Johanne Flottorp og Gard Nergaard.
Det er Haukeliseterfestivalen i samarbeid med Den norske folkemusikkscena som sender ut unge hardingfelespelarar på turne i vest, sør og aust, nærare bestemt Hardanger, Setesdal og Vest-Telemark.
Gå ikkje glipp av dette høvet til å høyre framtidas spelemenn!
--------------------------------------------------------------------
STUDIETUR
TIL SVERIGE I SEPTEMBER - PÅMELDING SEINST 19. JUNI
Välkommen till Siljan & Dalarna 13.-17.sept.
Dette er din sjanse til å bli med på ein lærerik og innhaldsrik reise til Sverige.
Vi skal besøke små og større verksemder som fokuserer på reiselivsmarknaden.
Besøksmåla er valt ut etter læringskurvenivå, nokre har kome langt medan andre er i eit tidlegare stadium av utviklinga. Hovudfokuset vert på produksjon og pakking av opplevingar, landbruksturisme, matopplevingar, forteljing, guiding, synleggjering, sal og booking.
Programmet for turen er godt lagt til rette for mest mogleg læring på ein behageleg måte i eit vakkert svensk landskap. Den siste dagen vert ein heil fridag i Stockholm. Fritt fram for dei som ynskjer å fortsette helga i Stockholm etter turen vår!
Turen er spesiallaga for aktørar i landskapsparkane, men programmet er relevant for mange fleire i andre områder i Noreg som jobbar med liknande satsingar. Invitasjonen går og til Valdres natur- og kulturpark, Aurland verdsarvpark og dei andre parknettverksaktørane. Deltakarar utanom landskapsparkane må betale turen sjølv. (ca.8000,- inkl. flybillett frå Bergen)
Vi ber om bindande påmelding innan 19.juni. Obs, kort frist!
Nytt påmeldingsskjema under. Vi treng namn på deltakarane (ikkje berre tal deltakarar pr park) slik at vi kan tinga flybillettar.
Vi set ei grense på maks 30 deltakarar.
Programmet vedlagt.
Eigendel på kr 3000,- som kan støttast av landskapsparken.
mvh
Dirk Kohlmann
Landskapspark - Tre i sentrum
Fylkesmannen i Hordaland
Landbruksavdelinga
412 96 550 - 55 57 21 78
----------------------------------------------------------------------------------------
Guida tur over Folgefonna ned til
Vikebygd landskapspark
avsluttar med middag i Bestastovo på Reiseter
- sjå vedlegg her - på engelsk
------------------------------------------------------
INFORMASJON MARS 2010 om:
- Open dag i bygda med påfølgjande seminar og generalforsamling for VLP as i Bygdahallen på Nå den 20/3 - sjå eigen knapp i lista til venstre
- Turvegar på innmarka - skriv er delt ut i postkassane. NB - viktig med snarleg tilbakemelding jå eigen knapp nedst i lista til venstre
- Byrkjelidstova - sjå lenger nede på denne sida
- Ope møte / årsmøte i Ullensvang Næringsforum i på Kvitaløo i Bleietunet 17.mars. Næringsaktørar i Vikebygd landskapspark og Ullensvang vest elles er hermed spesielt oppmoda om å kome . Sjå nedom her . Uisolert løeloft er møtelokale - kle dykk varmt! Påmelding pga servering.
- Ope møte "Frukt og bær rundt neste sving" - initiativ for å kombinere fruktdyrking og reiseliv. Utne tysdag 9. mars kl 18.30 på Hardanger folkemuseum. Påmelding pga servering Sjå nedafor
-----------------------------------------------------------------------
Ope møte ”Frukt og bær rundt neste sving”.
Det vert møte på Hardanger Folkemuseum, Utne
tysdag 9. Mars klokka 18.30 – 21.00.
Tema for møtet er ”Frukt og bær rundt neste sving”.
Vi drøftar fellesprosjekt i Hardanger, samarbeid om marknadsføring og høve om å søkje midlar ved søknadsfristen 26. mars 2010.
Målet med møtet er å informere om kva som har skjedd med støtte frå ”Frukt og bær rundt neste sving” og leggje grunnlag for å utvikle enkeltbedrifter og fellestiltak i Hardanger
Program
- Frukt og bær rundt neste sving – tiltak som har fått støtte i 2008/09 v/ Bjørn-Harald Haugsvær, fylkesmannen
- Kva aktivitetstilbod ynskjer reiselivet. Krav til kvalitet og hjelp til marknadsføring v/ Hans Jørgen Andersen, Reisemål Hardangerfjord
- Arbeid med å etablere eit fellesprosjekt i Hardanger v/ Jan Tjosås, Kvam kommune
- Spørsmål - diskusjon
Påmelding på e-post til underteikna
Dersom du veit om andre som også burde vere med på møtet er det fint om du vidaresender e-posten og inviterer dei med.
Med helsing
Bjørn-Harald Haugsvær
Fylkesagronom
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Telefon: 57 72 32 16 / 48 00 73 75
e-post: bjorn-harald.haugsvar@fmsf.no
-------------------------------------------------------------------
UN
ULLENSVANG NÆRINGSFORUM
Postboks 73
5782 KINSARVIK
INNKALLING TIL ÅRSMØTE 2010
- ope for alle interesserte , men kun medlemer har røysterett
Det vert årsmøte onsdag 17.mars kl 18.45
på Kvitaløo i Bleietunet.
SAKSLISTE:
- Godkjenning av saksliste og innkalling
- Val av to personar til å skrive under årsmøteprotokollen
- Rekneskap
- Årsmelding
- Val
- Vedtektsendringar
- Ymse
Rekneskap og årsmelding vert delt ut på årsmøte.
Eksisterande vedtekter med forslag til endringar vert sendt ut veka før årsmøtet.
Vikebygd Landskapspark AS fortel om sitt arbeid.
Ullensvang herad informerer om framtidige tankar og planar for Buplatået.
Servering.
Det er ynskjeleg med påmelding innan 15.mars grunna servering.
HJARTELEG VELKOMEN!
Ferje Kinsarvik - Utne 17.40. Ferje Utne - Kinsarvik 21.00 og 21.55.
Venleg helsing
Styret i Ullensvang Næringsforum
Telefon: 53663112 Faks: 53663203
Møtet er ope for dei som vil kome,
men kun medlemer har stemmerett.
Uisolert løeloft er møtelokale for å visa kva ein kan få ut av ledig areal på drifitsbygningar i her i området - kle dykk godt og varmt!
Ver obs på påmelding pga. servering.
VLP er oppmoda om å senda ut invitasjon gjennom sitt kontaktnett
----------------------------------------------------------------------------
Byrkjelidstova
Nytt liv til Byrkjelidstova i Vikebygd landskapspark!
Me ynskjer å gi bygget eit nytt liv på Aganeset .
Ver med i diskusjonen om kva bygget kan brukast til i framtida.
Litt info om Byrkelidstova
– historie
– prosjekt på Aganeset
– korleis få til framtidig bruk
Eiga Facebookside for stovo:
Historie
”Byrkjelidstovo” er eit 'vandrande kulturminne' som vi ynskjer å ta vare på og gi nytt liv til glede for både lokalsamfunnet og besøkjande. Den har fått navn etter den fyrste plassen vi kjenner til den stod her i bygda ved dei nordlegaste svovelkisgruvene mellom Lindvik og Gjertveit..
Stova kan likevel vera eldre og blitt flytta til Byrkjelia i samband med oppstart av gruvedrifta. Drifta ved desse gruvene var mellom 1867 til ca 1875.
Der vart den nytta som bustadhus for svenske gruvearbeidar. Gjestearbeiadar er ikkje noko nytt. Tenk det budde kring 20 person i Lindvik på dei tider, og dei hadde eigen butikk!
Då gruvene la ned drifta vart huset selt til handelsmannen på Nå.
Dei nytta det lenge som ’mjølbu’ for butikken.
Ved om- og nybygging av butikk vart det makebytt areal med ein nabogard på Nå, som m.a. fekk huset i betaling. På denne garden vart det sett opp over over naustet, som eit lite bustadhus. Det budde folk her heilt fram mot 1970.
Det er dermed eit lite kulturminne for bygda me no prøver å ta vare på , og gi nytt liv.
- Korleis kan vi best nytta Byrkjelidstova som ein aktiv ressurs for næringsutvikling i lokalsamfunnet vårt?
- Kan den fungere som eit felles informasjonslokale for Folgefonna nasjonalpark, Agatunet og alle andre kulturminne, tilbod og besøksmål i Vikebygd Landskapspark?
- Korleis gjere det slik at Byrkjelidstovo blir eit estetiske blikkfang ved parkeringsplassen på Aganeset, slik at fleire blir nyskjerrige og spontant svingar av vegen for å stoppe, ta ein kik. og dermed 'oppdaga' anna å oppleva i området vårt.
- Korleis få ei lønnsam drift med felles nytte for reiseliv og anna næring i lokalsamfunnet vår?
Men me treng å vera unikt kreative for å få til noko sånt !
Og INGEN idear er for små eller for dumme til ikkje bli fortalt – så møte opp på Landskapparken dag og kom med dine idear!
– eg kan leggja dei ut på nettsida her –anonym avsendar vert avvist, men du kan be om å få vera på nettsida .
---------------------------------------------------------------------------
BREV TIL ULLENSVANG HERAD MED INNSPEL VDR. BYRKJELIDSTOVO
- grundig oversyn på historikk og våre ynskje
- dette brevet med 4 vedlegg vert sendt til heradet no før neste møte i formannskapet den 22. FEB 2010
Infobrev mars 2010 slutt her - sjå og knappane Open dag og Turvegar.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
BREV TIL AKSJONÆRAR ( jan 2010 )
OM ARBEIDET I 2009 kan de lese her og det er IKKJE det same som infobrevet nedafor:
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Informasjonsskriv januar 2010:
Innhald:
1. Landskapsparkens opne dag 20. mars
2. Logokonkurranse - vinn 2000 kr
3. Sats på reiseliv
4. Kva gjer me med Byrkjelidstovo?
5. Næringshage ?
NB ! - alle desse tinga har påmelding innan 31. januar til dagleg leiar:
Terje Johnsbråten
Tlf: 949 85 303
Post: 5776 Nå
1. Landskapsparken sin dag 20.mars
Laurdag 20. mars 2010 skipar me til Landskapsparken sin opne dag.
På dagen vert det ope hus hjå næringsaktørar, gründerar og andre.
Føremålet er at alle i bygda og andre skal verta kjende med kva som finst av tilbod i Vikebygdkrinsen, og kva ressurspersonar og kapasitetar me har og kan nytta oss av.
Me oppmodar alle næringsaktørar, gründerar og andre som sel eller produserer noko, eller har ei særskild interesse eller anna dei ynskjer å visa sambygdingar og andre besøkjande, til å melda dykk på innan 31. januar 2010.
Alle kan halda ope hus anten dei driv stort eller smått, yrke eller hobby - landbruk, handel, anlegg, handverk, kunst, servering, overnatting m.m.
Dei som melder seg må halda ope hus, enten det er innom-hus eller utom-hus, og visa og fortelja besøkjande litt om kva dei held på med, eller syna kva planar dei har.
Det skal ikkje så mykje til og alle syner det dei vil.
På ettermiddagen/kvelden vil me følgje opp dagen med ei lett blanding av sosial og fagleg samkome, underhaldning og noko praktisk, næringsretta, turisme e.l.
Endeleg program kjem seinare.
---------------------------------------------------
2. Logo konkurranse
Vikebygd Landskapspark (VLP) har til no nytta eit “logo/monogram” som er eit slags bilete lasta ned frå verdsveven, slik du ser det i toppen på heimesida vår. VLP vil freista å laga eit eige unikt logo/monogram.
Me inviterar alle til å kome med forslag til logo/monogram.
Reglane er enkle:
– det er ingen reglar, men me vil vurdera utkasta ut frå at det skal:
A) vera eit kjenneteikn for Vikebygd
B) kunne nyttast i både lite format (brevpapir, visittkort..) og stort format (plakatar, bannarar..).
C) kunne nyttast saman med, eller innehalde, det generelle kringleforma symbolet for landskapsparkane, som du kan sjå i bakgrunnen her eller på www.landskapspark.no
Me oppmodar til å bruka fantasien vilt og hemningslaust.
Send so mange forslag du vil innan 31. januar 2010.
Forslag som me vel å nytta, vert honorert med kr 2.000,-.
-----------------------------------------------------
3. Satsing på reiseliv 2010
Fylkesmannen som leiar det overordna arbeidet med landskapsparkane, har planar om ei satsning på reiseliv i parkane.
Planen går ut på at fleire landskapsparkar i saman kan tilby attraktive tilbod til turistane – og det skal allereie vera klart til sesongen 2010.
Vikebygd kan verta sentral i ei slik satsning! I lag med Åkrafjorden, Ulvik og Stalheim.
Kva kan Vikebygd tilby turistar i 2010?
Kva kan turistane oppleva?
Kor kan dei eta og kor kan dei bu?
Er du i tankar om å satse, så er tida inne no!
Kva samarbeid kan me få til - kanske jden opne dagen møtet etterpå kan avklara det ?
Treng du hjelp til å koma i gang?
Dei som ynskjer å delta i ei reiselivssatsning, må melda seg så snart som mogleg og helst innan 31. januar 2010.
--------------------------------------------------------
4. Byrkjelidstova - innspel til bruk eller sal
Byrkjelidstova er ei tømra stove som vart reven for nokre år sidan. Stova ligg lagra på Nå Fruktlager, men må ut derifrå så snart som mogleg. Det er mykje historie og mogleg mykje kjensler knytta til Byrkjelidstova og prosessen med riving, bevaring og ny plassering. Det viktigaste er at stova får eit nytt og godt liv i Vikebygd, og me ynskjer derfor konstruktive innspel til oppføring og bruk av Byrkjelidstova.
Stova var tenkt nytta i samband med nasjonal turistveg, som besøksmål for Folgefonna Nasjonalpark, innfallsport for Agatunet, turistinformasjon, kontor for Vikebygd Landskapspark og offentleg toalett. Plasseringa var tenkt ved parkeringa til Agatunet og badeplassen på Aganeset.
I samband med planar for jordskiftesenter i den store løa som ligg tett attmed Agatunet, er det meir føremålsteneleg å leggja besøksmål for Folgefonna Nasjonalpark, turistinformasjon og innfallsport for Agatunet i samband med Jordskiftesenteret. Jordskiftesenteret vil etter planane verta ope heile året, noko som hadde vorte vanskeleg med Byrkjelidstova. Det vart ikkje turistveg-status på rv. 550 forbi Agatunet, og dermed fell statens vegvesen vekk. I samband med planar om ein næringshage i Fruktlageret på Nå, fell det naturleg at Vikebygd Landskapspark AS etablerar kontor på Fruktlageret (sjå anna sak i dette skrivet).
Dermed er det ikkje økonomisk grunnlag for oppføring og drift av Byrkjelidstova slik det opphaveleg var tenkt ved Agatunet. Me tykkjer at Byrkjelidstova primært skal få eit nytt og godt liv i Vikebygdkrinsen, og det er alle partar einige i. Me samlar difor alle innspel til kva Byrkjelidstova kan brukast til og korleis oppføring og bruk kan finansierast.
Heradet er formell eigar av Byrkjelidstova i dag. Dei har gjeve VLP tilbod om å overta stova vederlagsfritt, noko me takka nei til i fyrste omgang, då me ikkje såg oss råd til å bygga og drifta den slik det var planlagd på Aga. Seinare har me takka ja til tilbodet, for å sikra at stova kjem raskt ut av lageret og nyttast til eit godt formål i Vikebygdkrinsen. Formannskapet i heradet må formelt godkjenne at VLP overtek stova.
VLP vil prioritera framtidig plassering og bruk av Byrkjelidstova i fylgjande rekkjefylgje:
- Økonomisk forsvarleg oppføring og bruk for VLP
- I tilknytning til Folgefonna Nasjonalpark
- Anna formål som kjem ålmenta til nytte innan Vikebygdkrinsen
- Sal til privat næringsverksemd innan Vikebygdkrinsen
- Sal til anna privat formål innan Vikebygdkrinsen
- Sal til andre utanfor Vikebygdkrinsen
Eventuelt sal til private gjerast ut frå ei heilskapleg vurdering av kjøpesum og formål, eller ved loddtrekning. Absolutt siste utveg er å selja til formål utanfor Vikebygdkrinsen.
Om ikkje VLP får overta Byrkjelidstova, vil dei forslaga me har samla inn verta levert til heradet. På det viset får me ei rask handsaming uansett kven som tek avgjera.
Meir detaljar om stova har Arnhild Bleie, abbl@online.no, tlf 91 17 97 95.
Frist for å kome med innspel til oppføring og bruk av stova, eventuelt bod på kjøp av stova er sett til31. januar 2010.
-------------------------------------------------------------
5. Næringshage på Nå
Heradet har ynskje om at det skal etablerast ein næringshage på vestsida av Sørfjorden. Nå Fruktlager har ei god og sentral plassering i Vikebygdkrinsen og det er allereie fleire aktørar som har etablert seg med kontor og anna verksemd i bygget. Nå Fruktlager har rikeleg med plass og har sagt seg positive til å leiga ut areal.
Me har sett på løysingar for fem kontorplassar og eit møterom, og med høve for å utvida seinare om behovet skulle auka. Møterommet og noko felles utstyr som f.eks. kopimaskin, skal kunne nyttast uavhengig av om ein leigar kontor eller ikkje.
Gründarar og etablerarar vil få tilbod om svært rimelig leige, og det vil vonleg verta eit miljø der ein kan utveksla erfaringar og kompetanse m.v. VLP vil vurdere å ha sitt kontor i næringshagen og kan verta administrator for næringshagen i samråd med heradet.
For at næringshagen skal verta ein realitet (det er opp til heradet å avgjera det), trenger me å sansynleggjera at det er nok aktørar som kan tenkja seg å bruka næringshagen.
Me ynskjer ein uforpliktande tilbakemelding frå alle som kan trenga fast eller sporadisk kontor eller plass for anna formål i ein næringshage. Det er ikkje noko eksakt frist for tilbakemelding, men det er fint om me har ei liste med interessentar innan 31. januar 2010.
Vikebygd Landskapspark AS, 5776 Nå Tlf: 949 85 303
Vennleg helsing
Vikebygd Landskapspark AS
Terje Johnsbråten
Tlf: 94 98 53 03
Post: 5776 Nå
--------------------------------------------------------------------