VIKEBYGD LANDSKAPSPARK - Opplev meir langs Rv 550 i Hardanger
NATUR
 
 - sjå naturen  vår frå fjord til fjell gjennom alle årstider i dei fire rikhaldige fotoalbuma
Eigne knappar t.v.
 
 
Fjell og utmark
 
  • Folgefonna nasjonalpark Norges tredje største
 
  • Dei tre høgaste fjelltoppane på Folgefonnhalvøya er i vårt område:  
  • Rjuven 1574 m, Torsnut 1572 m og Solnuten 1551 m ( vinterfoto over)
 
  • Merka turstigar i fjordlia frå Aga i nord til Åse i sør - ein er innom ulike naturbiotopar og kulturmiljø, og kan gå på og av etter eige ynskje - guida tematurar mogeleg
 
  • Ravnabergsure - Ei av dei største urene i landet med ei breidd på 2 km nedmed fjorden! Trolsk  turområde med spennande mose- og lavkledde kampesteinar og djupe holer mellom på turen mellom Aga og Rogdaberg/ Rogdo.
 
  • Skinheldren - den mest spennade heldren i  Ravnabergsure, no lett tilgjengeleg i utkanten av boligområde på Flætene, og til allmenn bruk og glede
 
  • Rogdatjødnane  - nydeleg naturområde med våtmark rundt små tjødnar langs turvegen mellom Aga og Rogdo
 
  • Digrahaug – besøksmål i nasjonalparken -  lett tur frå Reiseter; øvste gardane,  og innfallsport til Folgefonna nasjonalpark  frå nord
 
  • Raunsdal – bortgøymd naturperle og støl i Folgefonna nasjonalpark - tur opp frå rv 550 ved Kvitno eller Eikhamrane, evt lenger oppe frå garden  Åse  ( oppom Kvitno)
 
  • Guida fjelltoppturar frå Måge – opp Solvarden, helst verre enn Besseggen -  påmelding !
 
  • Skredmur i betong ovafor Bleie – spesiell og estetisk utforma, som eit svært kunstverk sørom Reisetertunet
 
  • Skredvoll – enormt byggverk i stein, utforma nesten som eit amfi - oppom Agatunet og forbi Nyeslåtten
 
 
Fjorden
 
  • Gode badeplassar: Måge , Nå , Aga. Men ein kan eigentleg bade kor ein vil
 
  • Gjestebåthavn v Aga Hytte
 
  • Båtutleige for turar eller fiske  i sjøen : Aga hytte, Bleietunet, Måge gardsbutikk og Eikhamrane camping 
 
  • Kaiar og bryggjer: Kai for større båtar ved Nå og Syreflot, mindre bryggjer ved Aga, Lindvik, Måge
 
 
Aktivitetar i naturen
 
  • Skredløpet – midt i juni  er idrettslaget Solnut sitt årlege turløp frå Skredvollen ovafor Aga til Skredmuren på Reiseter, og som passer ca 10 skredløp undervegs. Av deltakarar utafrå kalla verdas vakraste terrengløpet "
 
  • Skytebane -  heilt yst og litt oppe på Aga - fantastisk plassering i naturen - vegen opp er fin liten tur.
 
  • Ridebane  for hesteriding og -køyring er under utvikling sørom  garden Nyeslåtten på Aga
 
  • Ballbinge Vikebygd skuleplass
 
  • Idrettsbane  med garderobeanlegg - Syreflot v/ Aga
 
  • Turskiterreng med lysløype ut frå Reiseter for både turar , trening og skirenn når  det er snø over 250 moh. Einaste i sitt slag her i fjorden.
 
 
I kulturlandskap
 
  • Turvegar i frukthagar og kulturlandskap - turvegane går både inom eller forbi  kulturmark. Guida turar hjå Måge gardsbutikk, Bleietunet, Agahytter
 
  • Gardsbesøk - Bleietunet fruktgard tre nabogardar samarbeider og guidar rundt i frukthagar, tuna og elvahage. fortel om fruktdyrking og gardshistori, gir smaksprøv av cider og tradisjonsmat.
 
  • Elvablomen pryd- og villhage langs ei fossande elv, og med spesielt fulgeliv  –  guida turar mogeleg - Indre Bleie
 
  •  Gardbesøk - Måge gardsbutikk i knytt til andre tilbod same stad
 
Powered by Vistaprint. Webside Hosting for Små Bedrifter